Lom ei fjellbygd

Lom er ei fjellbygd i Oppland med ca. 2350 innbyggarar og heile tre nasjonalparkar, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Over 90% av kommuna sitt areal ligg på over 900 moh. og vi kan freiste med dei to høgste fjella i Norge: Galdhøpiggen og Glittertind.

Bygda utgjer eit kryssingspunkt mellom aust og vest og på under to timar (sommarstid) kan du forflytte deg frå høgfjellet i Jotunheimen til verdas lengste fjord, Sognefjorden.

Lom sentrum, Fossbergom, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen. Namnet Fossbergom kjem av berga som stikk fram attmed fossen. Her har bygdesenteret vakse fram på båe sider av elva. Fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770, fyrste landhandelen kom i 1870 der Kiwi heldt til fram til oktober 2018.

På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene med bygdafolk og turistar om kvarandre. Vi kan by på eit triveleg sentrumsmiljø med uteserveringar, kafear, butikkar, ein gjennomført byggeskikk og mange flotte turalternativ.

Det er mykje god informasjon om overnatting, aktivitetar, turar og mykje anna på Visit Jotunheimen si nettside.

13305024_1046613585373875_7886674254391315295_o