11. til 13. juni

2021

Etter nye vedtak frå regjeringa like før påske blir det dessverre ikkje nokon Fjordingsmartna i 2020. Vi har sett på moglegheita for å arrangere martnan seinare på året, men sidan alt er så usikkert har vi valt å utsette Fjordingsmartnan til 2021. Vi er svært lei oss for å måtte avlyse, men håpar at situasjonen er annleis neste år. Vi oppmodar alle om å fylgje styresmaktene sine råd for å avgrense smittespreiinga.

Vi gler oss til å starte planlegginga av neste års Fjordingsmartna, 11.-13. juni 2021. Sett av helga, og ta turen til Lom!

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne att neste år, og vonar at alle som hadde tenkt å ta turen i år kjem neste år òg!

Vil du vera utstillar?

Fjordingsmartnan er ein tradisjonsrik martna som har hatt i underkant av 9 000 besøkjande kvart år. Desse tre junidagane forvandlast Lom til ein livleg marknadsplass med eit yrande folkeliv frå fjern og nær. Fjordingsmartnan er i år flytta til Nordal Camping da vi ynskjer ein meir komprimert martna med fokus på handel, dyr, mat, tradisjonar og berekraft. Handelen og utstilling av dyr vil framleis gå føre seg utandørs, medan antikk og auksjonen vil bli halden i dei gamle lokala på Kvam Mek. Nasjonalparklandsbyen Lom dannar ei unik ramme rundt arrangementet. Framkomst av ridande hestefylje frå aust og vest markerer starten på folkefesten.

Påmelding

Meld deg på allereie i dag og få rabattert pris!

Ynskjer du å nå fleire kundar?

Kjøp ei annonse på www.fjordingsmartnan.no allereie nå! For meir informasjon om annonse i Martnasavisa kontakt Ragnhild Rusten Lund på tlf. 99 47 68 22 eller send ein e-post til post@fjordingsmartnan.no

Symbol-myrk-gronn

Martnans mest sjarmerande stand

Fjordingsmartnan ynskjer god kvalitet på arrangementet. Vi utfordrar difor deg som utstillar til å ha ein så tiltalande stand som mogleg. Ein god presentasjon av dine produkt betyr auka omsetning for deg og vil samstundes medverke til eit visuelt lyft på heile arrangementet.

Vi premierar beste stand på martnasplassen etter fylgjande kriteria:
1. Standens utforming: Utstilling, presentasjon, framheving, harmoni mellom produkt og annan materialbruk og formgjeving av stand.
2. Orden og reinhald, miljø og ressursbruk
3. Personalets framsyning og kundebehandling

Prisene blir utdelt sundag, og består av: Fri registreringsavgift for neste års martna, diplom, gåve og medieomtale.