Martna med lange tradisjonar

I Lom var det alt frå gamal tid martnasaktivitet. Fjordingsmartnan var halden to gonger på to stader i Ottadalen; ved Lindsheim i Skjåk og i Grov i Lom. Fjordingane kom da over fjellet med hundretal av hestar. Handelskarar frå bygdene i dalen møtte også opp og mange kom også frå andre stader.

«Medan flata i Gråv låg urøyvd, var det hundre små tjønner der, og utanfor var danseplassen som var nytta under martnassamkomstene. Inni bakken synte det gamle eldstader. Det var firkanta hol i jorda, som var torvlagde på sidene. På desse eldstadene vart det nok drive kaffikoking medan martnan stod på. Der kunne martnasfolket kjøpe seg ein kopp kaffe for fem øre, og maten attåt kosta au fem øre. Det var rimelege prisar den gongen.

Ved høgsumarleige var Gråv ein fin plass med vakkert utsyn over Skim som låg braglande i sumarbris. Det var nok vanskeleg å finne ein penare plass for eit høgsumarsstemne den gongen. Sjølve martnan skulle etter dei gamla almanakkene vera 1. juli. Og bygdafolket såg fram til eit par festdagar med martna lang tid i førevegen. Da skulle dei for eit par dagar vera fri for alt slit og alt arbeid. Når tenarane festa seg på gardom, tok dei unda fri martna og gardbrukarane innretta arbeidet etter det. Dei freista å få undagjort vatning og budde seg på slottonna som da nærma seg. Og så fekk alle eit par festlege og morosame martnasdagar før det bar laus med slåtten for alvor.

Stemfjølingsmartnan i Skjåk var innleiinga åt martnan i Lom. Det var tredje fredag i juni – det vil seia omkring St. Hans. Da kom øykjedriftene over fjellet frå vestlandet. Dei låg ved Lindsheim i Skjåk til laurdag. Da reiste dei sørover og havna til slutt i Lom. Seinar gjekk ferda til Hesthågå i Garmo. Den 1. juli starta dei med martnasfesten. Det var kaffekjerringar i sving tidleg på dagen så dei kunne ha kaffe å by på etter som folket kom.

Ei tid møtte det au opp brennevinsgauar, men dei heldt seg i utkanten av sjølve martnasplassen – helst innved Kjerringholet. Utgjennom 1890-åra var det slutt på brennevinsalget. Etter som dagen lei, drog det seg i hop fleire og fleire folk, alle pynta i sin stivaste stas. Kvinnfolka kom berr-erma i rutaliv og råndastakk og med stivaturkla på hovudet. Dei gjekk oftast i flokkar, fortalde nytt og spurde nytt. Karane kom i tjukke vadmålsklede av svart, heimvove ty, persatty som dei kalla det. Det var mange hugnadssame og trivelege møte på martnasplassen. Folk frå utakntane i bygda kom og slekt og kjenningar møttes og bytte nyheiter og sat på grasbakken og kosa seg. Det var ikkje så ofte folk frå utkantane hadde høve til å koma ut den tida. Og desse dagane var dei frie frå plikter og strev. Om dei hadde traska og gått ei mil eller to for å koma til martnan, så var trøyttleiken gløymt når dei kom dit. Utpå dagen kom hestane som var att og karfolka gjorde seg ein runde og såg på dyra og prata og fann både lyte og fordelar ved dei.

Utover eftan vart tilstrøyminga av folk større og større etter kvart og ein og annan tok til å verta utstø på beina. Frå borti skogkrullom tok krotspelarane til å krype framatt og fann vegen til kaffebordet. Det smatke med ein kaffekopp etter at dei hadde sete i timevis med kortleiken og etter at lykke kanskje attpå til hadde vore så som så. Folk trekte seg ut mot danseplassen, felelåten tok til å låte så lint og fint og om ikkje lenge gjekk dansen lett og livat over grassletta. Dansen gjekk heile natta til ende – til sola rann. Noko hujing og krangel var det nok her og der. Utpå morgonsida tok folk til å reka seg på heimveg. Somme hadde med seg slekt og vener heim som gjester, og jenter og gutar fann kvarandre på heimvegen.

Så langt attende som i 1860- og 1870-åra var det ein del handel av ymse slag på martan i Lom. Men smått om senn kom landhandlarane og tok over småhandelen. Øykjebyte og øykjehandel vara til over hudreårsskiftet. Men utover i vårt hundreår dagga det etter kvart av med desse martnassamankomstenen. Nye tider og nye krav gjorde at leik og samver fann andre former, enn i det einfelde bygdalivet som hadde vore. Martnastidene heldt seg likevel til bortimot 20-åra, da bilane tok til å tevla med hesteskyssen etter vegane. Hestedriften vart mindre og mindre og til slutt heilt borte. Ei ny tidsbolk har endra alt det gamle, men i det gamle er det mangt som det kan vera vert å hugse for etterslektene. Martnasplassen i Gråv bør ikkje gløymast for han høyrer med til historia om det gamle bygdelivet i Lom.

Fjordingsmartnan vart teken opp att med Grov som base i 1995. Hesten var også nå sett i fokus og det vart forsøkt teke vare så mange tradisjonar som mogleg frå martnan 100 år tidlegare. Det var i fleire år eit yrande folkeliv i Grov med mykje publikum og mange utstillarar. For å kome nærare trafikken og Lom sentrum, vart martnan fløtt til Loarområdet i år 2000. Dette ga eit mykje meir komprimert arrangement på eit område som tidlegare var den gamle prestegarden i Lom sentrum.

Frå tidlegare martnaer fortalt av Sylfest Stamstadbakken.

kyrkje-hest-kort-300x184
gamle-loar-300x192 (1)
1740-skoing-av-hest-s-h
ill-2-grov-300x189
1433-Martnasmiljø-Grov-copy