Skip to content
Fylg oss på Facebook!

Martnasfest fredag og laurdag

Lokale heltar på martnasfestane

Det blir lokal live-musikk på martnasfestane i Presthaugen både fredag og laurdag. Fredag blir med Simple Men og Ruskåt. Laudag er det LoMsk og Eldhug. Vi set opp fleire av Aktiv i Lom sine store Lavvoar som tak, med benker og bord og gjer tiltak for å få området meir intimt og triveleg. Vi byggjer scene og dansegolv og får dermed musikarane nærmare publikum.

Simple Men (fredag)Simple Men

Vi er kjempeflinke og “livåte” gutar med glimt i øuga som spelar
gode, gamle coverlåtar av blant andre Hellbillies, Metallica, Dire
Straits, Rory Gallagher og Lynyrd Skynyrd! Dette er karakteristikken
Tor Arne Sandviken, Øyvind Moe, Rune Kjørren og Eilev Magne
Øverli gjev på seg sjølv på sine facebooksider.

 

Ruskåt (fredag)

Ruskåt er ei forsamling småbarnsfedre og potensielle småbarnsfedreRuskåt med ein fellesnemnar i musikken; dette er karar som likar å spele
saman! Det går i tonar frå Irland, både kjende og ukjende melodiar
får ruskåt behandling når Eilev, Ola og Eilev bles støv av det dei kan
finna av instrument. Opphavet til namnet på gruppa treng ikkje forklarast
vidare, men karane kompenserar med over snittet godt humør
når dei spelar opp. Har du ikkje fått med deg desse karane tildegare,
har du sjansen no – vi meiner du bør slå til!

 

Eldhug (laurdag)

EldhugEldhug består av trioen Geir Byre, Trond Volden og Tormod Sperstad.
Musikkgenren skriv dei sjølve er nynorsk rotrock eller rotnorsk nyrock,
om du vil. Eigenkomponert musikk.

 

 

 

 

 

LoMsk (laurdag)

Lomsk “Fjellbandet” LoMsk treng kanskje ikkje nokon ytterlegare presentasjon.
Likevel er det på sin plass å minne om ei over 30 års erfaring og
ord på seg for å vere eit av dei beste livebanda i landet. LoMsk har
mange martnasfestar på baken, men det har gått ein del år sidan sist.
Dei har spelt land og strand rundt sidan starten i 1982, og har opptrådt
ei rekkje gonger på Skagenfestivalen i Danmark. Musikalsk legg
LoMsk stor vekt på element frå lokal folkemusikk.
Besetninga tel sju musikarar: Lars Bakke, Jørn Kjonerud, Jørn Steine,
Hans Bakke, Trond Volden og Reidar Svare. Litt av eit beite med
andre ord.

 

Fredag kl. 21.00-02.00
Inngang kr 100,- Aldersgr. 18 år. Ruskåt og Simple Men spelar.

Laurdag kl. 21.00-02.00
Inngang 300,- Aldersgr.: må være fylt 15 år.
LoMsk og Eldhug spelar.

 

Heitt tips:

Om du ynskjer å på fest både fredag og laurdag,
betalar du kr 300,- i porten fredag for billett til
laurdag. Då får du inngang til arrangemenet
fredag gratis. Vi gler oss til å sjå deg!