Fylg oss på Facebook!

LoMsk og Rune Kjørren Band laurdag

Klokka 21.00 opnar dørene i Presthaugen for live-musikk med Rune Kjørren Band og Lomsk. Vi byggjer eigen scene som i fjor og har lavvoar til tak som tidlegare.

Salg av både mat og drikke heile kvelden.
Aldersgrense 15 år
Inngang 300,-

Foto: Ove Nestvold

LoMsk

Folkrockband fra Lom og Vågå i Gudbrandsdalen, starta i 1982. Medlemmane er veteranar innen folkemusikk, og sjølv omtalar de LoMsk som eit fjellband. Besetninga tel sju musikarar: Lars Bakke (vokal, akustisk gitar, mandolin), Jørn Kjonerud (gitar), Jørn Steine (bass), Ole Foss (fele, trekkspill), Hans Bakke (fele, keyboards, vokal), Trond Volden (trommer) og Reidar Svare (vokal, keyboards, fløyte).

Musikalsk legg LoMsk stor vekt på element frå lokal folkemusikk. Dei har spelt land og strand rundt sidan starten i 1982, og har opptrådt ei rekkje gonger på Skagenfestivalen i Danmark. Debuten Song om ei segn (1994) handla om segnet om "Kristen Fangje" frå Skjåk. Åge Aleksandersen var produsent på oppfølgjaren LoMsk (1998), som er den einaste av gruppas album som ikkje er eit konseptalbum.

Deira mest ambisiøse prosjekt er en musikalsk nytolking av Henrik Ibsens drama Peer Gynt, framført på nynorsk. Dette resulterte i albumet Bukkerittet (2004), og ein dramatisert konsertversjon. Amerikabrevet (2007) vart nominert til Spellemannprisen i viseklassa og handla om norsk utvandring. Temaet for oppfølgjaren Lavrans dotter (2009) var romanen Kristin Lavransdatter. LIVE – 30 år med LoMsk (2012) gjekk inn på 14. plass på VG-lista.

LoMsk har over 30 års erfaring, og har annerkjennelse for å være eit av dei beste livebandene i Norge.

Heimeside

Foto: Ove Nestvold

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 20.00 -  Quiz og live-musikk i Presthaugen

Laurdag 24. juni:
kl. 21.00 - Martnasfest med Rune Kjørren Band og LoMsk

Rune Kjørren Band

Det handlar om ekte spilleglede, ekte rock'n roll og sist men absolutt ikkje minst ekte livestemning, når Rune Kjørren Band står på scenen seier bandet på si eigen facebookside. Og vi trur så absolutt på det!

Du skal absolutt ikkje sjå bort ifrå å høyre kjende slagerar frå blandt anna Lynyrd Skynyrd, Thin Lizzy, Whitesnake, Blackfoot ogRory Gallagher med fleir.

Gitar: Rune Kjørren
Vokal, Gitar: Øyvind Moe
Bass, vokal: Kåre Plassen
Trommer: Trond Volden

Bandet si facebook-side

Lomsk - Blått blod