Fylg oss på Facebook!

Landbruk

Landbruket vil få ein sentral plass på Fjordingsmartnan, mellom anna med mønstring av eit utvalg av forskjellige store og små ferasar.

Tanken er å vise fram nye og tradisjonelle driftsformer og dyreslag og på den måten slå eit slag for ei næring som er minst like viktig for oss som bur her i Ottadalen nå som tidlegare. I tillegg skjer meir og meir av sluttproduksjonen lokalt, der stadig fleire aktørar står bak spennande og eineståande produkt. Produkt som blir meir og meir etterspurt.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Små og store ferasar

Dei siste åra har vi samla ein del små og store ferasar på Prestgardsjordet. Det har vore skotsk høglandsfe, lama, alpakka, norsk raudt fe, sau, geit og mykje meir. Vi gjentek dette også i år. Kor mange forskjellige rasar som blir å sjå på martnan kjem litt an på kva for dyr som er sendt på beite til fjells. Men ein del forskjellige blir det heilt garantert.

Ta gjerne kontakt skulle du ha dyr som er aktuelle for visning:
Odd Erik på tlf.: 99725138 eller Odd Helge på tlf.: 481 48 847

Alpakka Skjåk

Sandra og Rolv Kjeka driv Kjeka gard i Skjåk. Dei blir å finne på Fjordingsmartnan med alpakka og alpakkaull. Kjeka driv både med avl og ullproduksjon. Ulla blir spunne på Telespinn i Telemark.

Det blir i alle fall med to alpakkaer til Fjordingsmartnan.

Kjøtt frå Jotunheimen

Graskjøt frå Vaagaasar, Kvamme og Furuheim i Lom.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 15.00 -  19.30

Laurdag 24. juni:
kl. 10.00 - 20.00

Sundag 25. juni:
kl. 10.00 - 16.00

Massey Ferguson treff

Det blir mønstring av Massey Ferguson under Fjordingsmartnan laurdag 24. juni klokka 12.00. Dette blir den fjerde mønstringa av Massey Ferguson på Fjordingsmartnan.  Her kan kven som helst stille med sin MF. Det er ikkje fokus på å ha det mest strøkne eksemplaret, for eit velbrukt eksemplar kan også fortelja ei god historie om lang og tru tjeneste. Det viktigaste med treffet er å slå av ein god traktorprat og vise kor mykje engasjement traktoren kan skape. I tillegg til mønstringa blir det ei paraderunde i Lom sentrum ca 15.20.

Foto: Sandra Kjeka
Foto: Sandra Kjeka
Foto: Tor André Holø‎
Foto: Tor André Holø‎