Skip to content
Fylg oss på Facebook!

Mønstring av landbruket

front graatassEtter fire sesongar utan martna , var det i juni 2015 atter duka for Fjordingsmartna i Lom.  Som arrangør er vi i Smaken tå Lom opptekne av at alle  som har ynskt martnan attende, er med på gjere dette til eit godt arrangement for framtida. Vi er avhengig av at både lag og organsiasjonar, einskildpersonar, offentleg sektor og ikkje minste næringslivet ser nytten i dette arrangementet og er med på å skape ein fest i bygda.
Til arrangementet i 2015 arbeidde vi mellom anna mykje for å få til ein brei presentasjon av landbruket i distriktet,  noko vi meiner høyrer med på Fjordingsmartnan. Vi ynskjer å vise fram nye og tradisjonelle driftsformer og dyreslag og på den måten slå eit slag for ei næring som er minst like viktig for oss som bur her i Ottadalen nå som tidlegare. I tillegg skjer meir og meir av sluttproduksjonen lokalt, der stadig fleire aktørar står bak spennande og eineståande produkt. Produkt som blir meir og meir etterspurt.

DSC_0126Med god hjelp frå mange, fekk vi til ei brei mønstring av store og små husdyr, som fekk godt stell i den sterke varmen. Lom bondelag, Bygdekvinnelag og Bygdeungdomslaget stilte opp med informasjon og servering og det var ei eiga avdeling for smådyr. Deltakinga av Bondens marked, Nortura og ein spe start på maskinutstilling er også bidrag i satsinga på landbruket på martnan. Masseymønstring, kalvemønstring og oppvisning av gjetarhund kjem også inn under denne kategorien, i tillegg til at sjølvsagt hesten nå som før spelte hovudrolla på martnan. Hesten er sjølvsagt også ein viktig del av dagens landbruk.

Vidareutvikling
Landbruket er eitt av dei elementa vi som arrangørar av martanan ynskjer å vidareutvikle ytterlegare. Gjerne med utstillingar og kåringar som ein del av det som skjer. Det vil gjere martnan enda trivelegare , det ivaretek tradisjonane frå tidlegare martnastider i Ottadalen og ikkje minst kan det vere  viktig for landbruket sjølv å vise seg fram.  Vi ynskjer innspel på korleis dette arbeidet kan gjennomførast – frå einskildpersonar, organisasjonar og ikkje minst offentleg sektor. Mellom anna med tanke på korleis arbeidet med martnan skal organiserast framover.  Ola og Olav

DSC_0004red DSC_0008 red DSC_0164 red DSC_0130 red