Fylg oss på Facebook!

Hund

Også hunden ynskjer vi skal setje sit preg på Fjordingsmartnan. Det vil blir lagt opp til ymse slags aktivitetar, utstillingar og kåringar med hunden i sentrum.

agility 1-Fb1200p

Agility med hund

Agility er eit kort, men fartsfylt hinderløp for hund der føraren må styre hunden gjennom bana rett veg over hindra. Kort sagt er agility teamarbeid mellom hund og førar.

På ei agilitybane er hindra sett opp i system etter eit regelverk. I konkurranse skal det vera mellom 17-20 hindre på bana med ein avstand på 5-7 meter. Det er 3 ulike klasser i konkurranse: liten, medium og stor ettersom storleik på hunden din.

Hindertyper er: hoppehindre, hjul, møne, lengdehopp, mur, bom, vippe , balansebom, slalom og bord.

På Fjordingsmartnan 2017 har Jetta hundeklubb med seg eit utval av agilityhinder og setter opp en enkel bane. Denne blir det mogleg for alle med hund å prøve. På fredag kl. 18.00 køyrer vi agility med barn og hund. Da skal alle gå gjennom banen og vi tar tiden på hund og førar. Alle som deltek på dette fredag får deltakersløyfe og premie.

Påmelding på plassen
Pris 50,-

Martnans penaste hund

På sundag arrangerer Jetta hundeklubb martnans penaste hund. Dette vil bli ei uhøgtideleg kåring der dei vel ut 3 av martnans besøkjande til å dømme konkurransa. Avgjersle ved utslagningskonkurranse.

Påmelding til Marianne Kveom på  tlf.: 99777672
eller på staden frå 14.30.
Pris 50,-

agility 1-Fb1200p

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 18.00 -  Agility med barn og hund

Sundag 25. juni:
kl. 15.30 - Martnans penaste hund

Foto: Ola Gjeilo
Foto: Ola Gjeilo