Fylg oss på Facebook!

Hest

Som i tidlegare tider, spelar også i dag hesten hovudrolla under Fjordingsmartnan. Interessa for hest i Ottadalen er stor, og Fjordingmartnan samarbeider med dei lokale organisasjonane om utstillingar, demonstrasjonar, barneridning, konkurransar og andre aktivitetar.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Litt historie

Åringsutstillinga i regi av Norsk Hestesenter med Ottadalen Dølahestlag som arrangør, set atter sit preg på martnassundagen. Åringsutstillinga har offisiell status og er eit av hovudinnslaga på Fjordingsmartnan.

Vi har heilt sidan starten i 1995 forsøkt å ta med oss mest mogleg frå Fjordingsmartnan på 1800-talet og hesten står da naturleg nok i fokus. Namnet Fjordingsmartnan kjem av at fjordingane (folket frå fjordane) kvart år kom over fjellet med hest og varer for salg og fest. Vi samlar fleire og fleire hestar og hesteinteresserte kvart år og forsøker stadig finne å fram til nye aktivitetar.

Fjordingsmartnan 2016 vart ei ny, stor mønstring av hesten. Skjåk hestlag, Jotuheimen hestlag, Ottadalen dølahestlag og Ottadalen kjøre- og rideklubb er hovudaktørar i tillegg til mange andre både organisasjonar og enkelpersonar.

Barneridning

Fjell Eventyret stiller opp med 6 hestar laurdag frå 10.00 til 18.00. Då blir det høve til å forsøke seg på hesteryggen for dei minste. Mange har hatt sine fyrste stunder på hesteryggen på Fjordingsmartnan.

Presisjonskjøyring

Laurdag 24. juni etter opptoget blir det konkurranse i presisjonskjøring. Ottadalen Dølahestlag, NordGudbrandsdal ride- og kjøreklubb og Skjåk hestlag  står for presisjonskjøring under martnan.

Påmelding og spørsmål kan rettast til Ottadalen dølahestlag v/ Hanne   han-mer@online.no

Påmelding innan 18. juni.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 17.00 - 4-spann oppvisning

Laurdag 24. juni:
kl. 10.00 - Barneridning
kl. 12.00 - Opptog
ca 12.30 - Presisjonskjøyring
ca 13.30 - Høgdehopptevling
ca 14.30 - Kvadrilje

Sundag 25. juni:
kl. 10.00 - Åringsutstilling
ca 12.00 - Dressur-ridning
kl. 14.00 Premieutdeling åringsutstillinga
kl. 14.30 - Martnans penaste hest

Åringsutstilling

Sundag 25. juni kl 10.00 går den årlege åringsutstillinga av stabelen på Prestgardsjordet. Utstillinga i regi av Norsk hestesenter med Ottadalen dølahestlag som lokal aktør vart i 2015 atter ein del av Fjordingsmartnan.

Ottadalen Dølahestlag er ein raseorganisasjon for dølahesten, og eit lokallag under landslaget for dølahest. Det fremste målet er å ta vare på den verneverdige rasa, som skal behalde rasepreg kvalitetar. Det er fyrst og fremst ein arbeidshest, noko som pregar eksteriøret. “Kaldt hode, varmt hjerte” er eit slagord som blir brukt. Rasa er vennleg, trygg og god. Den er allsidig og kan brukast i alle greiner. Ut på tur med familien, sprang, presisjonskjørin, dressur, ut i skogen eller ute på jordet! Dølahesten er som dei to andre særnorske rasane ein trua dyreart, og det vert jobba hardt for å få opp fødselstalet.

Ottadalen Dølahestlag arrangerer skogshestkurs, våronnkurs, ridekurs, temmingskurs for unghest, kjørekurs og diverse konkurransar og dugnader. Medlemmane samlast alltid rundt eit bål eller bålpanne med kaffekjele og alle er velkomne.

Det viktigaste arrangement i årer er likevel åringsutstillinga på Fjordingsmartnan! Dette var i fleire år den største i landet, midt i smøraugaet på den oversiktelege plassen på Prestgardsjordet med eit pulserende martnasliv, opne restaurantar og campingplassar i sentrum. Alt dette omringa av vakre fjell og med den flotte stavkyrkja som bakteppe. Det er klart at utstillarar og publikum vil kome attende hit!

Sjølv om martna`n hadde ei pause i 4 år har Åringsutstillinga halde koken. Hestefesten i Lom har vore ein brubyggjer frå den gamle martnan til den nye. Vi har fortsatt med ridefølge frå Vågå, utstilling, og utvida med presisjonskjøringstevling. Våre forventningar til årets martna er store! Masse publikum og enda fleire deltakarar på våre arrangementer!
Vi gler oss!

Foto: Ola Rossehaug
Foto: Ola Rossehaug
Foto: Ola Gjeilo
Foto: Ola Gjeilo

Opptog

Eitt av hovudinnslaga på martnan er opptoget laurdag frå industriområdet, gjennom Lom sentrum til martnasområdet.

Til opptoget er det  ynskjeleg med pynting og oppfinsom bekledning både av to- og firbeint. Det blir premiering av dei finaste ekvipasjane ved ankomst Prestgardsjordet. Det er viktig at tryggleiken blir sett i fokus på opptoget – både på turen gjennom eit befolka Lom sentrum og på Prestgardsjordet.

Start frå industriområdet laurdag 24. juni kl. 12.00 .
Hingstar fyrst i toget.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

4-spann

Jakob Brennhaug frå Nørdre Dalain i Skjåk har lenge hatt ein draum om å skaffe seg sitt eige firspann. Etter mange års planlegging og arbeid blei draumen i fjor ein realitet.

Jomfruturen i mai 2016 gjekk etter planen og var ei stor oppleving både for Jakob sjølv og dei som var til stades. Alle hestane i spannet er sjølvtemde og Jakob har trena opp alle hestane sjølv. Dei vart innkøyrde fyrst ein og ein, så to og to og til slutt saman alle fire. Det krevst mykje utstyr til ein slik farkost. Dette er anskaffa litt etter litt.

På Fjordingsmartnan blir Jakob og firspannet å sjå fredag og i opptoget laurdag. Dei vil nok ratt dukke opp på området ellers under Fjordingsmartnan også.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Martnans penaste hest

Den uformelle kåringa martans penaste hest blir avvikla sundag 25. juni ca 14.30.

Det er Skjåk hestlag som står for denne kåringa, der det sjølvsagt er ope for alle som har hest til å delta. Tevlinga går føre seg etter utslagsmetoda.

Påmelding på Skjåk hestlag sin stand innan 13.00 sundag.

Bilde: Ola Rossehaug
Bilde: Ola Rossehaug

Høgdehopping

Jotunheimen hestlag arrangerer sprangridning laurdag 24. juni etter presisjonskjøyringa.

To hinder blir sett opp, det bakerste blir sett høgre opp for kvar runde. Ope for alle aldre og hestrasar. Den som hoppar høgast vinn.

Påmelding innan laurdag den 24. kl. 11.00 til Gro Moen på tlf 91727422.

NB!
Alle skal bruke hjelm! Alle på 18 år
og yngre må bruke sikkerheitsvest.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan

Kvadrilje

Her har hestefolk i Lom, Skjåk og Vågå gått saman om å vise forskjellige hesterasar i form av ei kvadrilje. Kvadrilje er synkronridning, der to
og to rir i par. Dette vil føregå etter høgdehopptevlinga laurdag 24. juni.

Dressur-ridning

Gina Kvamme vil vise dressur-ridning under pausa i Åringsutstillinga sundag 25. juni.

Foto: Ida Reitan
Foto: Ida Reitan