Fylg oss på Facebook!

Quiz og live-musikk fredag

Klokka 20.00 opnar dørene i Presthaugen for quiz med quizmaster Hans Andreas Solbakken i lavvo. Etter dette blir det live-musikk med dei lokale heltane i Ruskåt og Skato i lavvoane.

Salg av både mat og drikke heile kvelden.
Aldersgrense 18 år
Inngang 150,-

ruskåt skato cover v1

Quiz

Hans Andreas Solbakken stiller som quizmaster denne kvelden. Han er ein erfaren både quiz-lagar og showman, så dette blir spanande!

Påmelding av lag på e-post til post@fjordingsmartnan.no
Merk med lagnavn og deltakarar.
Oppfordrar både til firmalag og privatlag!

40/50 spørsmål over to omgangar.
5 personar pr. lag (-1 poeng pr. ekstra person pr. omgang utover dette)

Breheimen Mat stiller med premier! Det går og gjetord om at det blir quiz på STÅK I SKJÅK 2017, og at det og vankar premie på beste lag i begge quiz'ar sammenlagt.

Ruskåt

Ruskåt er ei forsamling småbarnsfedre og potensielle småbarnsfedre med ein fellesnemnar i musikken; dette er karar som likar å spele
saman!
Det går i tonar frå Irland, både kjende og ukjende melodiar
får ruskåt behandling når Eilev, Ola, Eilev og Steinar bles støv av det dei kan finna av instrument. Opphavet til namnet på gruppa treng ikkje forklarast vidare, men karane kompenserar med over snittet godt humør når dei spelar opp. Har du ikkje fått med deg desse karane tildegare, har du sjansen no - vi meiner du bør slå til!

Steinar - Fele, trekkspel, gitar og sang
Eilev - Fløyter, munnspel, mandolin & sang
Ola - Gitar & sang
Eilev - Bassgitar & sang

Fylg dei på facebook!

ruskåt skato cover v1

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 20.00 -  Quiz og live-musikk i Presthaugen

Laurdag 24. juni:
kl. 21.00 - Martnasfest med Rune Kjørren Band og LoMsk

Skato

Skato er eit lokalt bluesrock band og dei debuterer live fredagskvelden etter at Ruskåt har varma opp for dei. Detta blir tøft!

Kvar for seg, har dei operert i ulike sjangrar som alt frå heavy metal til folkemusikk. Dei er samla for å skape eit pubband, med eit eige repertoar og tekstar på vår lokal dialekt. Dei fokuserar på eit folkeleg, og lokalt preg på lyrikken i tekstane sine. Spelar for å ha det artigt, men har og ein draum om å nå eit større scenegolv.

Steinar Odde - vokal
Kristian Brustuen Runningen - leadgitar/kor
Jo Jordet Lund - rytmegitar/kor
Sindre Garmo - bass/kor
Sindre Mæhlum - trommer

Fylg dei på facebook!

Her kan du høyre nokre sangar av Skato