Fylg oss på Facebook!

Barneaktivitetar

Det vil heller ikkje i år væra Tivoli på Fjordingsmartnan. Vi er nokså sikre på at vi har vore i kontakt med alle tivoli i Norge pluss nokre i skandinavia. Desværre er det ingen av desse som har moglegheit til å koma i år. Men, vi har eit par som kanskje kan koma neste år.

Aktiv i Lom har Prestfosstraversen rett utanfor martnasområdet. Den er open 11.00-17.00 laurdag og sundag.
Dei vil og koma med ca 6 av pedal-gokart bilane frå aktivitetsområdet ved Sport 1. Dei har og fått tak i ei gyrotrampoline, liknande den på Sport 1, bærre litt mindre. Denne kjem også til å væra på martnan.

I tillegg til dette har vi kjøpt inn 2x kubb, 2x hageyatzy, 2x crocket, badmintonsett og nokre fotballar. Mogleg det og kjem noko meir.

Jotunheimen hestlag har og som vanleg hesteskokasting for både små og store.

Foto: Ove Nestvold
Foto: Ove Nestvold
gyrotrampoline
tråbil-jeep
Foto: Ove Nestvold
Foto: Ove Nestvold

Når skjer det?

Fredag 23. juni:
kl. 15.00 - 19.30

Laurdag 24. juni:
kl. 10.00 - 20.00

Sundag 25. juni:
kl. 10.00 - 16.00